Livsgledesløyfa 2019

Arrangementsinformasjon

Livsgledesløyfa 2019 – Det beste Bryne har å by på! Me gjentek suksessen med Livsgledesløyfa på Livsgledefestivalen. Denne gongen har me fått fleire nye serveringsstader med på løypa.

Opplev 10 serveringsstader på Bryne i løpet av ein ettermiddag. Livsgledesløyfa tek deg med på ein rundttur i Bryne der du i løpet av nokre timar vil få smaka deg gjennom byen. Du startar økta på ein av plassane før du i tur og orden jobbar deg gjennom alle serveringsstadane. Kvar stad finn fram det beste dei har på menyen. 

Det kostar kun kr. 990,- (+gebyr) per billett. Inkludert i prisen er ein smakebit frå menyen og noko godt i glaset på alle stadane. Du vel sjølv kvar du vil starta ved å kjøpa billett til den staden der du vil starta kvelden.

Billettane vert lagt ut for sal fredag 23. november klokka 12:00.

Desse stadane får du besøka i løypa:

Bryne Kro

Ming House

My Kitchen

Kjøkkenet

Jæren Hotell

Sabi Sushi

Møllehagen Restaurant

Brix Brygghus

Burgerhouse

Lucky Bowl


livsgledesløyfa
livsgledefestivalen

Restriksjoner

20 år aldersgrense