Livsgledesløyfa 2020

Arrangementsinformasjon

Livsgledesløyfa 2020 – Det beste Bryne har å by på!

Me gjentek suksessen med Livsgledesløyfa på Livsgledefestivalen. Denne gongen har me fått fleire nye serveringsstader med på løypa.

Opplev 10 serveringsstader på Bryne i løpet av ein ettermiddag. Livsgledesløyfa tek deg med på ein rundttur i Bryne der du i løpet av nokre timar vil få smaka deg gjennom byen. Du startar økta på ein av plassane før du i tur og orden jobbar deg gjennom alle serveringsstadane. Kvar stad finn fram det beste dei har på menyen.

Det kostar kroner 1395,– (+ gebyr) per billett. Inkludert i prisen er ein smakebit frå menyen og noko godt i glaset på alle stadane. Du vel sjølv kvar du vil starta ved å kjøpa billett til den staden der du vil starta kvelden.

Desse stadane får du besøka i løypa:
Hemmeleg
Ming House Bryne
Heldigvis
Kjøkkenet Café & Delikatesse
Sabi Sushi Bryne
Møllehagen Restaurant
Brix Brygghus
Torget Restaurant
India Tandoori Bryne
Jordbærpikene Bryne

livsgledesløyfa
livsgledefestivalen

Restriksjoner

20 år aldersgrense